SAGA BRYGGJA · BRUKTGLEDE
Gje skattane dine
ein ny heim
Har du fine ting som fortener ein ny eigar? Leig ein plass hos oss og la skattane dine finne nye heimar.
✓ Du set prisane sjølv ✓ Du får 75 % av salet ✓ Fleksibel leigeperiode
FINN PLASSEN SOM PASSAR
Enkelt å selje hos Saga
Vel storleiken som passar varene dine. Du bestemmer sjølv kor mange veker du ønskjer å leige.
75 %
Av salet går til deg
Du får 75 % av salsprisen. Saga Bryggja tek 25 % i kommisjon. Hugs å ta omsyn til dette når du set pris på varene dine.
SLIK FUNGERER DET
Frå garderoberydding til bruktglede
01
Vel plass og periode
Finn ein storleik som passar, og vel kor lenge du vil leige.
02
Klargjer varene
Ta med reine, heile og fine varer. Du bestemmer prisane sjølv.
03
Vi sel – du får betalt
Varene blir selde gjennom butikken, og du får 75 % av salet etter gjeldande vilkår.
VÅRT BESTE SALSTIPS
Set ein pris som gir varene nytt liv
Når du prisar varene dine, er det viktig å ta omsyn til tilstand, alder og eventuelle bruksmerke. Vi anbefaler at du stiller deg sjølv spørsmålet: «Kva ville eg sjølv vore villig til å betale for denne vara?» Ein realistisk pris gjer det enklare å finne ein ny eigar – og aukar sjansen for sal.
Viktig å vite: Leigeprisen kjem i tillegg til kommisjonen på 25 %. Les salsvilkåra før du leverer inn varer.
RETTLEIING FOR SELJARAR
Slik legg du inn varene dine i FleaLover
Når du har booka plass hos Saga Bryggja, kan du registrere varene dine i FleaLover før innlevering.
01 · Logg inn
Logg inn i FleaLover med kontoen din som er knytt til Saga Bryggja.
02 · Opprett produkt
Finn funksjonen for å opprette produkt, og legg inn ei vare du ønskjer å selje.
03 · Beskriv vara
Legg inn ei tydeleg skildring, til dømes merke, storleik, farge og tilstand, der dette passar.
04 · Set pris
Vel ein realistisk pris ut frå tilstand og kva du sjølv ville betalt.
05 · Lagre og gjenta
Lagre vara og gjenta for resten av varene du vil selje.
06 · Klargjer til innlevering
Sørg for at varene er reine, heile og klare for sal. Ta kontakt med oss dersom du lurer på merking eller etikettar.
GREITT Å VITE FØR DU BOOKAR
Vilkår for leige og sal
Saga Shop AS legg til rette for at du som privatperson kan selje dine eigne varer hos oss. Les vilkåra for innlevering og sal på kommisjon før du bookar.
1. Generelt
Ved innlevering av varer til sal på kommisjon godtek innleveraren desse vilkåra. Kommisjonsbutikken tek imot varer for vidaresal på vegner av innleveraren mot avtalt provisjon.
2. Kva varer vi tek imot
Varene skal vere reine, heile, funksjonelle og i god stand. Butikken kan avslå varer utan nærare grunngjeving.
3. Prissetjing
Prisen vert fastsett av seljaren. Vi anbefaler å setje prisen ut frå tilstanden på vara og kva ein sjølv ville vore villig til å betale. Butikken kan hjelpe til med prissetjing ved behov.
4. Salsperiode
Varene vert stilte ut for sal i den avtalte leigeperioden, rekna frå avtalt startdato. Dersom vara ikkje er seld innan denne perioden, gjeld reglane i punkt 7.
5. Provisjon
Ved sal av ei vare får innleveraren utbetalt 75 % av endeleg salspris. Resten tilfell butikken som provisjon for handtering, marknadsføring og sal.
6. Utbetaling
Utbetaling skjer etter at vara er seld og eventuell angrerett eller reklamasjonsfrist er avklart. Utbetaling vert gjort til oppgjeve kontonummer eller annan avtalt betalingsmåte første arbeidsdag i neste månad.
7. Uselde varer
Innleveraren har ansvar for å hente uselde varer seinast éin time før stengetid den dagen salsperioden vert avslutta. Varer som ikkje vert henta innan fristen kan:
- donerast til veldedige føremål,
- seljast vidare til redusert pris,
- eller disponerast av butikken etter eige skjøn.
Ved manglande nedpakking tek vi i tillegg eit gebyr på 200 kroner.
Vi forstår at ting ikkje alltid går etter planen. Kan du ikkje hente den aktuelle dagen, ta kontakt med oss så tilpassar vi så godt vi kan!
8. Ansvar
Butikken tek rimelege forholdsreglar for å ta vare på innleverte varer, men er ikkje ansvarleg for tap, tjuveri, brann, vasskade eller andre hendingar utanfor butikken sin kontroll. Tjuveri vert politianmeldt.
9. Eigarskap
Innleveraren stadfestar at vedkomande eig varene eller har rett til å selje dei, og at varene ikkje er stolne eller på annan måte ulovlege å omsetje.
10. Personopplysningar
Personopplysningar vert berre nytta til administrasjon av kommisjonssalet og vert behandla i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.
11. Endringar i vilkåra
Butikken kan oppdatere desse vilkåra ved behov. Gjeldande versjon vil vere tilgjengeleg i butikken og/eller på nettstaden.